Sande dame jr. 2007   

                  

Spelarstall
Terminliste 2007
Tabell 2007

Larsnes/Gursken

J16 - terminliste
J16 - tabell

 

Trekkje juniorlaget? [08.08.07]
Juniorlaget har hatt ein flott sesong i vår. Men no ser det stygt ut for om vi greier å stille lag i haust. Til kampen mot Brattvåg komande søndag greier vi ikkje å stille lag - berre 6 spelarar kan stille. Desse er Rita, Silje, Elise, Malin, Solrun og Monica. Brattvåg vil ikkje flytte kampen. Det medfører kr 3.000,- (pr. kamp) i bot å ikkje møte til kamp - det same som det kostar å trekkje laget.

For resten av hausten ser det også lite lystigt ut: Vi har pr. dags dato disponible 7 spelarar som utifrå tilbakemelding og erfaring vil prioritere alle kampane (utanom den første). Desse er Silje, Lisbeth, Solrun, Frida, Janita, Karen Ann og Malin.
Så har vi 2 spelarar som vert med til dei reiser: Elise (ca. 25. aug) og Monica (7. sept).
Vi har 5 som kanskje kan vere med, men ikkje kan/vil forplikte seg: Det er Maria, Rita, Marta, Christianne og Sara. Dei fire siste vert i Ålesund.

2 spelarar frå jentelaget, Martine og Julie, vil gjerne vere med, men dei skal også spele for jentelaget. På det meste vert det 4 kampar på ei veke dersom dei skal spele på begge laga, og dette er for mykje. 

Resten reiser vekk (Bergen, England, USA, Oslo...)

Dette er for usikkert til at ein kan satse på laget vidare. Det er ingen tvil om at terskelen for å melde forfall har vore for lav, men det har gått bra fordi vi har hatt bra med folk. No må vi  vite at vi har min. 11 spelarar til kvar kamp. Vi ber derfor alle om å engasjere seg for å skape grunnlag for å fullføre sesongen. Endeleg tilbakemelding innan torsdag førstkomande, dvs. i morgon til Øystein J.

Gje også tilbakemelding på om det kan vere aktuelt å spele i 7-ar-serien i staden, dersom vi ikkje greier å stille lag i 3. divisjon.

Siste vårkampane gav oss 4 poeng [08.08.07]
Dei to siste kampane før ferien gav oss 4 poeng: Først slo vi Valder med 7-1, deretter spelte vi uavgjort mot Sunnylven (1-1). Det gav oss totalt 17 poeng og 5. plass  i 3. div. i vårsesongen. Berre topplaget HaNo har scora meir mål enn Sande. 

Jentelaget ( 7-ar) kvalifiserte seg for 1. divisjon i haust.

Strålande innsats i Norway Cup av jentelaget [08.08.07]
Jentelaget til Larsnes (7-ar) gjorde ein strålande innsats i Norway Cup, og tok seg heilt til kvartfinalen i A-sluttspelet. Der vart det eittmålstap for Sæbø/Åmdal. 5 av 8 lag i kvartfinalen var frå Sunnmøre...

Larsnes har for vane å gjere det skarpt i jentefotball i NC. Det er tredje gongen sidan 2002 at småjente/jente har vore i kvartfinalen - ein gong med deler av noverande juniorlag og to år på rad med dei som no er jentelag. Snart på tide å ta steget heilt opp?

Oppdaterte resultat [19.06.07]
Det har vore dårleg service på desse sidene ei stund, men damene har spelt fleire kampar sidan Herdkampen:
23.05: Sykkylven - Sande 2-4 Mål: Sunniva, Christianne, Monica 2
28.05: Sande - HaNo 0-4  
04.06: Fortuna/Guard - Sande 3-2 Mål: Christianne, Lisbeth
17.06: Ørsta - Sande 3-4  Mål: Siv Helen 3, Monica

To heimekampar denne veka [19.06.07]
Det vert kamp onsdag 20. juni kl. 19.00 på Gursken stadion mot Valder. Alle møter. Forfall må meldast. Oppmøte 18.00.

På laurdag (jonsokafta) vert det kamp mot Sunnylven på Larsnes stadion kl. 13.30. Oppmøte 12.30. Forfall må meldast.

Trening i dag kl 20.00 [19.06.07]
Tysdagstreninga denne veka går på Gursken stadion. Legg merke til tidspunktet kl 20.00. Det vert 1 time trening med vekt på angrepsformasjon og dødball.
Kampen i morgon mot Sykkylven [22.05.07]
Kampen i morgon mot Sykkylven går på kunstgras i Sykkylven kl. 19.00. Det vert reist med buss - avreise frå Larsnes kl. 16.15, Gursken 16.20, Ulsteinvik kl. 16.35 og Hareid ferje kl. 17.00. Ber om at det vert gitt beskjed om kvar de går på. Alle tek med kr 50,-  til dekning av utgifter.
Følgjande spelarar stiller:
Marta Baade, Karen Ann Rødseth, Rita Nygård, Elise Myklebust, Silje Keiseraas, Malin Knotten, Frida Vestnes, Lisbeth Nykrem, Solrun Slettestøl, Sunniva Johansen, Janita Kvalen, Christianne Lillebø, Ida Sandanger, Monica Lynge, Siv Helen Tødenes, Maria Nupen, Sara Rekdal. Eventuelle forfall må meldast snarast!
Uavgjort 1-1 mot Herd [16.05.07]
Det vart ein slitekamp mot Herd på Gursken stadion tysdag - to defen- sivt gode lag og mykje stillingskrig. Herd var best i unnavind før pause, og pressa Sande bakover på bana. Sande klarte ikkje å etablere press oppe på bana, og var tafatte med ballen i laget. Høge skuldrar og nokre slitne spelarar var ein del av årsaka. Herd klarte likevel ikke å produsere målsjansar, trass i eit visst spelemessig overtak. Men det var ikkje ufortent at laget leia 1-0 ved pause. Ein Herd-spelar kom åleine igennom, men hardt pressa sette ho ballen midt på ei utrusande Marta Baade i mål. Etter ei dårleg klarering fekk Herd ein ny sjanse, og lukkast.
I 2. omgang var det Sande som tilreiv seg eit visst spelemessig overtak, men utan å skape store sjansar. Det vart ein stillingskrig med mange feilpasningar. Herd prøvde å ri på leiinga og berge 3 poeng. Då 10 min. sto att, la Sande om til 4 spissar og 3 bak, for om mogeleg å skape større trykk. Dette lukkast, og Sande fekk corner og frispark i farleg posisjon. Eit innøvd cornertrekk var nær ved å lukkast, då ballen skrudde mot næraste kryss, men så vidt blei avverga. Monica Lynge på bakerste stolpe var hårsbreidda frå å sette returen i mål. Same Monica la innoverskrudd frispark mot bakre stolpe like etter. Og denne gongen var Christianne Lillebø på rett plass og sette ballen i mål. Dermed utlikning fem minutt før full tid. Slik kampen arta seg var det godt å få det eine poenget i sluttminutta.
Kampen i dag mot Herd [15.05.07]
Kampen mot Herd i dag går på Gursken stadion kl. 18.30. Spelarane møter kl. 17.30. Herd har hatt ein god start på sesongen og står med 3 poeng etter 2 jamne kampar. I fjor var Herd betre enn Sande i to kampar, og var også best av juniorlaga i serien. Herd stiller seniorlag i år, og er nok ein tøff motatandar. Vi har likevel trua på at det vert heimesiger i dag.

Følgjande spelarar møter: Maria Nupen, Siv Helen Tødenes, Julie Knotten, Martine Dalen, Malin Knotten, Solrun Slettestøl, Monica Lynge, Christianne Lillebø, Ida M. Sandanger, Janita Kvalen, Sunniva P. Johansen, Lisbeth Nykrem, Silje Keiseraas, Elise Myklebust, Rita Nygård, Karen Ann Rødseth, Marta Elise Baade. Eventuelle forfall må meldast snarast.

 

Trening denne veka [15.05.07]
Det vert ikkje trening på 17. mai (!). Men fredag 17.30 trenar vi på Larsnes 17.30. Deretter trenar vi måndag 17.30 - også Larsnes. Neste kamp vert borte mot Sykkylven onsdag 23. mai. Kampen går på Sykkylven stadion (naturgras) kl. 19.00, og det vert reist med buss. Reiserute seinare.
Økonomi - reisekostnader m.m. [15.05.07]
Det vert for det meste nytta minibuss på bortekampane, fordi det er vanskeleg å få til ei rettferdig og fungerande køyreliste. Det kostar pengar, og det er derfor bestemt at kvar spelar inntil vidare skyt inn kr 50,- pr. bortekamp frå og med kampen mot Stranda forrige veke. Alle spelarane tek derfor med kr 50,- og betaler til Eva i dag på kamp.
Trening i dag [11.05.07]
Det vert trening i dag fredag på Larsnes 17.30. Dersom det ikkje vert brukskollisjonar, vert det spelt ein del på stort område, med vekt på formasjonar og dødball. Alle møter!
Kamp mot Herd på tysdag [11.05.07]
Neste seriekamp er mot Herd tysdag 15. mai kl. 18.30. Kampen går på Gursken stadion. I fjor tapte vi begge kampane mot Herd, og har ein søt hevn i vente!
Jentelaget spelar borte mot Dalsfjorden neste søndag.

Ny sterk bortekamp og 1-0 over Stranda! [11.05.07]
Sande-damene tok ein ny sterk bortesiger onsdag då Stranda vart slegne 1-0  på kunstgraset på Stranda. Debutant Martine Dalen scora einaste målet i kampen då ho blei flott frispelt av ein annan debutant , Julie Knotten. Begge er førsteårs jentespelarar og gjorde eit solid inntrykk i debuten.

Kampen starta dårleg for Sande, med massivt Stranda-press. M.a. redda Karen Ann Rødset på streken, og det var farleg rundt Marta Baade i mål fleire gonger det første kvarteret. Spelarane var reserverte i høve til underlaget, og kom ikkje i duellar mot eit spelande Stranda- lag. Etter nokre omrokkeringar og justeringar kom Sande-jentene betre med. Det var likevel to av dagens debutantar som tok saka i eigne hender og ordna 1-0 til Sande. Teknisk gode Julie Knotten fann Martine Dalen på gjennomløp. Sistnemnde sette ballen kaldt til side for ein sjanselaus Stranda-keeper. Etter dette fann Sande formasjonane og spelte trygt og godt bakover. Ingen av laga greidde å produsere klare sjansar i resten av omgangen.

Martine Dalen (t.v.) debuterte på damenivå med scoring mot Stranda. Julie Knotten debuterte med målgivande. Flotte prestasjonar!

Dette kampbildet heldt seg i 2. omgang også, då den tredje debutanten, Maria Nupen også fekk prøve seg. Sande var best, men kom berre til nesten-sjansar. Sigeren var i realiteten aldri truga - tett og god defensiv jobbing sikra 0 baklengs også denne bortekampen.

Les Stranda-trenaren si "vurdering" her!!!

   
Kamp mot Stranda onsdag [07.05.07]
Til damekampen mot Stranda onsdag kl. 19.00 skal følgjande spelarar delta: Marta Elise Baade, Elise Myklebust, Malin Knotten, Karen Ann Rødseth, Rita Nygård, Silje Keiseraas, Lisbeth Nykrem, Christianne Lillebø, Sunniva P. Johansen, Janita Kvalen, Solrun Slettestøl, Ida M. Sandanger, Siv Helen Tødenes, Monica Lynge, Martine Dalen, Julie Knotten.
Det vert reist med buss, med avreise frå Larsnes kl. 15.15., Gursken kl. 15.20 og henting i Ulsteinvik kl. 15.35, evt. ved vidaregåande kl 15.40. Ferja går frå Hareid 16.00. Gje beskjed kvar du går på.
Damene tapte mot Brattvåg [07.05.07]
Det vart ein liten nedtur å tape 3-4 mot Brattvåg på 1. mai! På heime- bane tok damene kontroll frå start og pressa Brattvåg i store deler av 1. omgang. Vi noterte fleire store sjansar utan at det gav teljande resultat. Utteljing fekk vi først då Sunniva P. Johansen scora på frispark frå 25 m. Flott mål.
Første kvarteret i 2. omgang sovna Sande fullstendig, tapte duellar og kommuniserte dårleg. Tre kjappe baklengsmål ødela dagen for jentene. Sande slo tilbake og reduserte til 2-3 ved Monica Lynge som gjekk solo frå midten. Kampen sto og bikka, og Sande hadde frispark i farleg posisjon. Men Brattvåg kontra i staden og auka til 4-2, før Sande pressa ein Brattvåg-forsvarar til sjølvmål i sluttminutta. Eit unødvendig tap etter spel og sjansar, men måla tel, og med fire baklengs er det vanskeleg å vinne.
Trening i dag [07.05.07]
Det vert trening i dag måndag på Larsnes gras kl. 17.30. Kamp mot Stranda onsdag gjer at treninga er flytta. Alle møter.
Storsiger for jentelaget mot Vartdal [07.05.07]
Jentelaget sørga for fin opptakt til konfirmasjonshelga ved å knuse Vartdal 8-1 på torsdag. På komande onsdag er det meininga at to av førsteårs- jentene - Julie Knotten og Martine Dalen - skal debutere på damelaget mot Stranda. Dei eldste på jentelaget er denne veka i Polen på skuletur, og det vert såleis ikkje jentekamp.
Kamp tysdag på Larsnes [29.04.07]
Det vert seriekamp mot Brattvåg på Larsnes stadion tysdag 1. mai kl. 15.00. Oppmøte kl. 14.00. Alle møter!
Jentene tapte [29.04.07]
Jentelaget tapte 4-5 mot Åheim i serieopninga torsdag. 
Trening tysdag på Larsnes [23.04.07]
Det vert trening på Larsnes tysdag 24. april til vanleg tid (17.30). Treninga går i utgangspunktet på grus. Denne veka vert det elles båtvask på Larsnes Mek. torsdag og fredag for damene, medan jentene jobbar onsdag. Torsdagstreninga går såleis ut, men det vert trening laurdag eller søndag etter nærare avtale.
Jentekamp torsdag [23.04.07]
J16-laget har serieopning på Larsnes gras på torsdag førstkomande kl. 18.30. Det vert spennande å sjå om dei klarer å følgje opp den flotte opninga som damene varta opp med søndag. Motstandar er Åheim. Vi tippar heimesiger, sjølv om Larsnes-jentene er unge på dette nivået.
Solide takter i serieopninga: 7-0 over Sunnylven! [23.04.07]
Sandedamene opna årets serie i 3. divisjon med å utklasse nykomaren Sunnylven 7-0 på grusen på Hellesylt søndag. Sande møtte eit ungt og uferdig lag, og tok kommandoen frå start. Det tok likevel ein halv omgang før det vart utteljing, då Elise Myklebust netta frå kort hald etter eit innøvd corner-trekk. Fram til då hadde Sande skapt mange sjansar og halvsjansar, men ikkje lukkast i avslutningane. Mot slutten av omgangen var Sunnylven farleg frampå ved eit par høve. Marta i målet tok det som kom, og Christianne Lillebø scora sikkert etter gjennomløp rett før pause: 2-0.

I 2. omgang var det stort sett spel mot eitt mål. Sande si midtbane tok fullstendig kommandoen, og spelte opp til variert og fint angrepsspel. I tur og orden netta Siv Helen Tødenes, Monica Lynge, Christianne, Ida M. Sandanger og Elise. Jentene heldt oppe intensiteten kampen ut og spelte på seg ein solid porsjon sjølvtillit før neste tysdags møte med Brattvåg på heimebane. 

Samtlege spelarar gjord ein god kamp. I målet har Marta Elise teke eit steg vidare, særleg posisjoneringa og utspela er verd å merke seg. Forsvarsfiraren med Malin Knotten, Rita Nygård, Karen Ann Rødseth og Silje Keiseraas spelte sikkert og fornuftig i trygge formasjonar. Midtbanen besto av kaptein Sunniva P. Johansen som råsterkt  ankerog ballfordelar sentralt. Vidare Janita Kvalen (opna kampen som aggressiv kantspiss) som var ny i rolla som indreløpar og imponerte med fart og arbeidskapasitet langt over forventningane. Veteran Solrun Slettestøl spelte indreløpar med teknikk og overblikk. Christianne Lillebø avløyste henne på midten mot slutten, og gjorde ein av sine beste kampar. Ho spelte spiss i deler av første omgang, og vart tomålsscorar.


Oppvarming under heller gufne forhold. Men humør, speleglede og prestasjonar varma på Hellesylt. (foto: Ø. Johansen)


Monica Lynge starta som indreløpar, men vart flytta fram i favorittrolla som venstre kantspiss. Alltid på hogget, alltid farleg, og scora ei perle av eit mål frå 25m. Ida Sandanger, Elise Myklebust og Siv Helen Tødenes rullerte i spissrollene, og bidrog med fart og frekke avslutningar. Alle tre  kom på scoringslista, Elise med 2 mål.

Det mest gledelege ved kampen ved sida av poenga, er arbeidsmoralen og haldninga til å gjennomføre det vi har trent på. Innøvde dødballtrekk, forsvarformasjonar og angrepsmønster vart gjennomførte etter boka. Vi skal likevel ikkje gløyme at motstandaren var overkomeleg, og at det ventar tøffare tak allereie neste veke.

   
Trening i dag [16.01.07]
Bård Dalen tek hovudansvar for treninga i dag - til vanleg tid. 
Junior- og jentelag? [16.01.07]
Det er sannsynleg at det vert både juniordamelag og jentelag til utandørssesongen, slik som rekrutteringa ser ut no. Men tida fram mot påmeldingsfristen vil avklare dette.
Godt nytt år! [16.01.07]
Sande dame jr. ynskjer seg sjølve og alle andre interesserte godt nytt år. Heile 28 spelarar melde si interesse for jente/dame-satsinga under eit møte på Larsnes på nyåret. Treningane er i gang, førebels med litt laust opplegg. Fram mot påmeldingsfristen 1. februar skal det bestemmast kva lag som skal påmeldast, og kven som vert ansvarlege for dei ulike laga. Treningane vert førebels samordna for jente og dame. Bård Dalen, Øystein Johansen, Asle Johansen m.fl. tek eit ansvar førebels - til alt er klart.  Treningane er på Larsnes tysdag og torsdag kl. 17.30.
Treningspause denne veka [26.09.06]
Det vert treningspause denne veka. Det blir kalla inn til spelarmøte med det første for å diskutere hausten og evt. vidare satsing. Det blir gitt beskjed om tidspunkt for trening og møte her på sida, og evt. på sms. Tren sjølv så lenge!
Trening i Gursken i dag [14.09.06]
Det vert trening i Gursken i dag til vanleg tid (17.30). 
Kamp i Ørsta søndag [14.09.06]
Kampen mot Ørsta jr. søndag går kl. 15.00 på Ørsta stadion. Det vert sannsynlegvis naturgras, men ta med skotøy for alle forhold. Avreise med privatbilar - Avreise Larsnes kl. 13.00, Gursken kl. 13.10. Ferja går frå Eiksund kl 13.40. Eva ordnar skyss, og alle avtalar med den dei skal sitte på med om påstigning etc. Øystein kjem direkte til kampen frå Bjorli.



Etter ein god kamp kunne Monica Lynge smile og bokføre 
to mål i protokollen.

Knuste Sykkylven 4-1 [12.09.06]
Ein strålande kamp av Sandedamene! 4-1-sigeren mot Sykkylven i går var fullt fortent, og kunne lett vorte større.   Kreative og gjennombrotshissige i angrep, kompakte og tøffe i forsvar. Slik laget framsto i denne kampen er det verdt å bygge vidare på.

Etter ei litt famlande opning festa Sande grepet om kampen, og pressa Sykkylven høgt. Det vart likevel berre nesten-sjansar i starten, Sykkylven forsvarte seg godt. Monica Lynge var på fleire gode raid på  venstrekanten, men det lukkast ikkje å omsette innlegga i mål. Etter kvarteret får Sande frispark på 25 m. Sunniva Johansen dundrar ballen i tverrliggar og ned på strek. Lisbeth Nykrem er på returen med hovudet, men ballen stryk tverrliggar på feil side. Etter dette har både Christianne Lillebø, Monica og Solrun Slettestøl store sjansar utan å lukkast, og omgangen ebbar ut 0-0 etter at ei sykkylvenkontring blir redda på strek.

2. omgang er Sande sin fullt og heilt. Lage struttar av pågangsmot, og særleg Monica Lynge dreg opp fleire farlege angrep på venstrekanten. Etter 10 min. prøver Monica å skyte sjølv - med høgrefoten - og ballen skrur vakkert mot lengste stolpe. Keeper klarer så vidt å avverge, men returen set Janita Kvalen sikkert i mål. Sande held fram med å trykkje på, og skaper mange sjansar etter godt spel og farlege dødballar. 2. målet vert sett inn av Monica Lynge som snappar ein retur, etter at Christianne Lillebø har gjort ein strålande jobb i forkant. 3. målet kjem etter corner, der Sunniva Johansen slår ballen hardt inn i feltet, og ein forsvarar endrar retning på ballen med hovudet. Monica Lynge får æra av å sette inn 4. målet, etter at Siv Helen Tødenes har gjort ein råsterk prestasjon mot to Sykkylven-forsvararar. I mellomtida har Sykkylven redusert etter gjennomløp. Før det redda keeper Marta Baade meisterleg ein dobbeltsjanse, der mange såg ballen i mål.
4-1 til Sande altså, og mange gode prestasjonar. Aller best likte vi spelegleda, og at alle som var innpå tok tak i lag og presterte.

Trening på Larsnes i dag [12.09.06]
Det vert trening som vanleg på Larsnes stadion i dag kl 17.30. I dag er treninga lystbetont, etter ein herleg kamp i går. Alle møter vel?
Trening på Larsnes i dag [04.09.06]
Det vert trening på Larsnes stadion i dag måndag kl. 17.30. Treninga er flytta på grunn av kampen onsdag. Alle må møte!
Kampen mot Sykkylven utsett [05.09.06]
Det vert ikkje kamp onsdag mot Sykkylven. Kampen går førstkomande måndag kl. 18.00 på Larsnes stadion, med oppmøte kl. 17.00. Alle må møte - evt. forfall må meldast snarast. Sykkylven er ein handterleg motstandar som vi spelte uavgjort mot i Velledalen i vår.
Siger mot Brattvåg [04.09.06]
Sandedamene tok sin andre siger for sesongen då Brattvåg blei slegne 3-1 på Larsnes stadion søndag 27. august. Sandejentene hadde kontrollen frå start, og skapte mange store sjansar i løpet av kampen. Brattvåg var reelt sett sjanselause, og berre ein dårleg dommar  gav dei muligheita til å redusere Sande si leiing eit stykke ut i 2. omgang. Sande sine mål blei scora av Siv Helen Tødenes etter gjennomspel frå Birgitte Vaagen, Christianne Lillebø etter gjennomspel frå Sunniva Johansen, og Monica Lynge etter ein pole frå kanten. Svært godt gjennomført kamp av Sande. 
0-10 mot Hødd [04.09.06]
Det var ikkje lengeSandejentene fekk ri på medgangen. På Hødd sitt kunstgras onsdag vart vi brutalt bringa ned på jorda - eller kunstgraset. Hødd var aggressive og gode, Sande var ramma av skader og sjukdom. Kun 5 friske spelarar, utan at dette heilt forklarer kollapsen. Etter 40 min var stillinga 0-0, etter at jentene hadde stått i mot eit massivt press. Men då Hødd fekk hol på byllen, vart det heile ti ballar å plukke ut for Solrun Slettestøl, som vikarierte som keeper i denne kampen.
Trening på Larsnes i dag [22.08.06]
Det vert trening som vanleg på Larsnes i dag. Sidan nokre spelarar er på tur i Tafjordfjella, er det viktig at resten møter fulltallig opp til ei kvalitetsøkt. Vi har ein kamp å vinne på søndag!

Det vert elles trening i Gursken torsdag til vanleg tid.

 

Kamp mot Brattvåg på søndag [22.08.06]
Det vert seriekamp på Larsnes stadion komande søndag kl. 15.00. Brattvåg er motstandar, og vi ynskjer å revansjere eit knepent tap frå i vår.
Tap mot HaNo på laurdag [22.08.06]
Sande-jentene måtte bokføre eit nytt tap mot tabell-leiar HaNo laurdag. 0-4 stod det i protokollen til slutt. Men kampen var jamnare enn resultatet tilseier. Sande brende 4-5 store sjansar, etter tiol dels godt spel og fleire farlege dødballar, medan HaNo på si side fekk utteljing i overkant av det som var fortent. 
Sande-jentene gjorde ein av sine beste kampar spelemessig, med disiplinert og god jobbing. Innøvde dødballtrekk sat som eit skudd, og det kunne like gjerne vore Sande som gjekk til pause med leiing. Men det var HaNo som leia 2-0 etter stang-inn og ei dommartabbe. Og brende sjansar tel som kjent ikkje i sluttresultatet. No gjeld det å ta med den positive innstillinga vidare mot meir handterlege motstandarar. Sande mangla 5 sterke spelarar i denne kampen. Men dei som spelte, gjorde ein sterk figur.
Kamp mot HaNo på laurdag [18.08.06]
Kampen mot HaNo er den første seriekampen i haust. Kampen går på Nordøy stadion laurdag fk. klokka 12.00. Det vert reist med buss, og det vert tidleg avreise! Det er rangleforbod på fredag kveld!
Avreise frå Larsnes 07.45, frå Gursken 07.50
, Hareid 08.30. Alle som ikkje har meldt forfall møter, og må rekne med å spele.

Spelaravgift haust. ! [18.08.06]
Det er utsendt giro på kr 500,- for innbetaling av spelaravgift for hausten. Vi ber om at avgifta vert innbetalt snarast.

Det er også sendt ut giroar på bag, og ein del har fått giro for overtrekksdrakt. Vi ber om at alt vert innbetalt med det første.

 

Vanleg trening på Larsnes i dag [08.08.06]
Det vert trening på Larsnesgraset i dag kl. 17.30. Alle som kan, møter. Det vert oppstart på haustsesongen, med første seriekamp som mål. Det vert også ei kort oppsummering av Norway Cup.

 

 

 

 

 

 



Vi gratulerer småjentelaget !
[08.08.06]
Sande dame jr. gratulerer småjentelaget til Larsnes IL med ein strålande innsats i Norway Cup. Laget tok seg heilt til kvartfinalen utan å sleppe inn mål! Det står det stor respekt av. At ein der rauk ut med 0-1 mot NC-vinnarane frå Spjelkavik, viser kor nær ein var, og at det er mogeleg for ein veninnegjeng frå bygda å hevde seg. 

7 av dei som no spelar på junior damelaget til Sande opplevde å gå til kvartfinalen i A-sluttspelet i småjente 7-ar i 2002. Den gongen rauk Larsnes også ut mot turneringsvinnaren (Spangereid 1-5). Kampen gjekk for øvrig på kunstgrasbana på Mortensrud, der vi budde i år.

0-2 mot Radar [08.08.06]
Radar, som toppar serien i Agder, vart puljevinnar etter siger 9-0 mot Gjelleråsen, 2-0 mot Sande og 1-1 mot Trondheims Ørn. Laget var tungt og tett bakover, og Sandejentene makta ikkje å komme til klare målsjansar. Det vart mykje stillingskrig, og heller ikkje Radar skapte mykje. 1-0 kom etter eit frispark i første omgangs siste minutt, der Radar var først på 2. ball. 2. målet kom på heading etter corner tre minutt før slutt, etter at Marta i målet hadde blitt hindra i å komme ut på innlegget. Sande spelte halve omgangen med tre bak, men kom berre til halvsjansar. Radar gjekk ut av turneringa etter straffekonk. mot Grei/Linderud, som var i finalen.

Denne kampen var Sande sin beste totalt sett, med god jobbing og vilje til å vinne. Kampen gjekk på ei håplaus bane, med gjørme på midten og langhøy rundt. Ekebergs dårlegaste!!

Tøff matching og mannefall i Norway Cup [08.08.06]
Det blei tøff motstand for juniordamene frå Sande i Norway Cup. Sande kom i pulje med to av dei beste laga, og hadde eit trangt nålauge å komme igjennom for å nå A-sluttspelet. Det lukkast då heller ikkje. Trondheims Ørn og Radar vart  for sterke, utan at Sande-jentene på nokon måte let seg spele ut. Og det fjerde laget i pulja, Gjelleråsen,  klarte å snyte oss for plass i B-sluttspelet. Verre var det at to av Sande-spelarane måtte på legevakta med beinbrot etter denne kampen! Men trass i mager utteljing gjorde laget gode prestasjonar mot tøffe lag. Kampane blir omtala nærare nedanfor.

0-1 mot Gjelleråsen [08.08.06]
Det ville seg ikkje i kampen mot Gjelleråsen heller. Sande satsa offensivt, men vart møtt av eit til tider grisespelande Gjelleråsen. Dommaren var meir oppteken av hårspenner, feilkast og nedsigne strømper, enn av klare dytt i rygg og holdingar. Trass i dette var det Sande som skapte mest på ein tung dag, og burde ha vunne kampen. 0-0 hadde gitt plass i B-sluttspelet, men Gjelleråsen lurte oss på ei kontring og scora etter gjennomløp. Eit massivt press siste 10 minutta førte berre til nokre store sjansar, medan mål og avansement uteblei. Ida Sandanger måtte ut med kragebeinsbrudd etter duell med keeper, og Lisbeth Nykrem med armbrudd etter tøffe tak. Såleis kosta Norway Cup meir enn det smakte denne gongen, iallfall for nokre.

0-4 mot Trondheims Ørn/Strindheim [08.08.06]
Sande møtte nybakt vinnar av Dana-cup i første kampen. Trondheims Ørn, som er topplaget i serien i Trøndelag, og som også toppar eliteserien for damer, viste seg som eit teknisk godt og spelande lag. Særleg rask og god var lagets venstre kant, som skapte mykje trøbbel for oss. Etter 20 min. var stillinga 0-3, etter at Sande gav vekk mykje bakrom som Trondheims Ørn kunne springe i. Paradoksalt nok var det denne perioden at Sande skapte mest, og kunne med litt utteljing og marginar gått til pause med 2-2. I 2. omgang var Sande gjerrigare, men skapte heller ikkje så mykje framover. 0-4 kom på eit lukketreff frå langt  hald. Det er ikkje noko å seie på at Sande tapte, men skilnaden på laga var mindre enn resultatet tyder på.

 

Dopingtesting på Norway Cup [28.07.06]
Det kan verte dopingkontrollar under Norway Cup. Særleg dei eldste klassane kan verte sjekka. Det er viktig at dei som brukar astma-medisin, sjekkar innhaldet i medisinen opp mot dopinglista på antidoping.no. Det er også greitt om ein har med lækjarattest, evt. har søkt om fritak, dersom ein er avhengig av medisinen, men det er vel no litt kort tid å gjere det på.
Grus/kunstgras på Norway Cup [28.07.06]
Dersom det vert dårleg ver i Oslo, kan det verte grusbaner eller kunstgrasbaner på nokre av kampane. Ta derfor med skotøy også for slike underlag.
Norway Cup - informasjon [27.07.06]
Informasjon om reiseopplegget mm. vedr. Norway Cup finn du her.

Generell info

Kampoppsett for laga frå Sande

 

Norway Cup - reiseantrekk mm. [27.07.06]
Alle skal stille i kvit Norway-cup gensar og svart caps på turen. Alle skal ha med den nye speledrakta og overtrekksdrakta. Dette blir obligatorisk antrekk ved kamp i Oslo (med forbehold om temperatur etc .).

Alle som ikkje har levert gamledrakta, tek også denne med på turen.

Avreise laurdag kl 07.15 frå Larsnes [27.07.06]
Dei som skal vere med bussen frå Larsnes, møter på ferjekaia. Det vert avreise kl. 07.15, og ved Matsenteret i Gursken kl. 07.30. 

Vanleg trening i Gursken i dag [27.07.06]
Det blir vanleg trening i Gursken i dag. Alle som er heime, må møte.
Husk legitimasjon og mobiltelefon! [27.07.06]
Det er viktig å ha med seg legitimasjon. Arrangøren krev det. Husk ogsåmobiltelefon. men det er vel unødvendig å terpe på...
Trening i Gjerdsvika søndag kl. 11.00 [22.07.06]
Det  vert trening i Gjerdsvika kl. 11.00 søndag føremiddag. Det skal terpast litt  på dødball og samspel, men elles vert det ei humørtrening. 
Kamp mot gutelaget måndag [22.07.06]
Det  vert kamp mot gutelaget måndag kl. 18.00 på Larsnes. Alle møter - ein halv time før kampstart.
Trening på Larsnes i dag kl 17.00 [21.07.06]
Det  vert trening på Larsnes i dag fredag 21.juli kl. 17.00. Merk tida. Alle må møte. Det vert vidare trening søndag kl. 11.00,  i Gjerdsvika, og kamp måndag kveld mot guttelaget. Då må flest mogeleg stille. Kampen går sannsynlegvis på Larsnes.
Norway Cup neste [21.07.06]
Kampoppsettet på Norway Cup er klart, følg linken i venstre marg. Det vert avreise med buss frå Larsnes neste laurdag, tidleg på morgonen. Bussen går via Gursken mot Hareid. Dei som ikkje skal vere med i bussen, må gje lyd frå seg. Nærare informasjon om Norway Cup kjem med det første.
Treningsfri neste veke [28.06.06]
Det vert treningsfri neste veke, dvs. veka 3. - 9. juli. Alle bør likevel springe litt, og evt. trene med ball som eigentrening. Neste fellestrening vert tysdag 11. juli på Larsnes. Frå då av vert det fullt køyr med sikte på Norway Cup og haustsesongen
Trening i Gursken torsdag [28.06.06]
Treninga i dag torsdag vert kl 20.00 på Gursken stadion. Det vert også eit kort spelarmøte i samband med treninga. Alle møter!
Trening på Larsnes tysdag [19.06.06]
Treninga går som vanleg på Larsnes tysdag kl. 17.30 Det vert ei lett økt med litt formasjon/dødball og oppbygging mot Herdkampen onsdag. 
Kampen mot Herd onsdag [19.06.06]
Kampen mot Herd går på Gursken stadion onsdag kl. 18.30. Spelarane møter kl. 17.30 presis. Husk drakt/overtrekksdrakt! Alle møter, og i den grad der er forfall, må det meldast snarast til ØJ. 
2-2 mot Stranda [19.06.06]
Det vart 2-2 og poengdeling i bortekampen mot Stranda søndag ettermiddag. Stranda utlikna tre minutt på overtid, etter at Sande hadde leia 2-0 tidleg i første omgang. Kampen gjekk på grus. Surt å misse to poeng på tampen! 

Sande kom godt i gang, var tøffe i duellane og kjappe i overgangane. Det var ikkje ufarleg framfor Stranda-målet første halve omgangen. Etter ti minutt har Sande corner, og keeper halvklarer det presise og harde corner-innlegget. Siv Helen Tødenes spring ballen i mål. Like etter blir det spelt lang gjennombrotspasning frå Sunniva P. Johansen til spiss Marthe Longva som vinn duellen mot sin midtstoppar. Igjen kjem Siv Helen Tødenes i stor fart frå kanten og set ballen sikkert i mål. Glimrande scoring!

No jamna kampen seg ut, men Sande er framleis mest 

toneangivande, og dei kunne med litt meir timing ha auka til 3-1. I staden får Stranda ein corner som ikkje vert avklara, og Stranda scorar etter "volleyballkamp" i feltet. 2-1 til pause gjev eit greitt bilde av omgangen.

I 2. omgang er Stranda på hogget frå start. Sande får skada sin midtbaneslitar Lisbeth Nykrem. Det er smått med innbytarar, og Sande må i perioder spele med 2 og 3 førsteårs jentespelarar. Dei gjer sine saker bra, men vert av og til litt lette i duellane. Kampen ser likevel ut til å ebbe ut med 2-1. Birgitte Vaagen klinkar til på heil volley frå 25 m, og keeper reddar så vidt. Bortsett frå dette skaper ikkje Sande så mykje, og Stranda er farlege på dødball. Eit ran i siste sekund er det likevel når dommaren forærer Stranda ballen heilt uforståeleg etter at Sande har kontrollen på midten. Det påfølgjande frisparket og corneren vert ikkje klarert, og etter ny "volleyballrunde" i feltet scorar Stranda på kampens nest siste touch på ballen 3 min. på overtid. Surt - men slik er fotball...

Jentene spelt for anledninga i sine nye, flotte drakter, og profilerte seg sjølve og sponsorane på ein framifrå måte. Neste kamp går på Gursken stadion onsdag, med Herd som motstandar.

Reiserute for Stranda-kampen [14.06.06]
Det vert buss til Stranda. Avreise vert søndag kl. 11.40 frå Larsnes, Gursken 11.45, ferje Hareid kl 12.30, Magerholm 13.40. Kampstart vert kl. 16.00. Dei som kjem frå Valldal, må ta ferja frå Liabygda kl 14.30.

NB! Kampen går på GRUS.

Draktene er komne [14.06.06]
Dei nye kampdraktene vert sannsynlegvis klar til søndag! Men for sikkerheits skuld må alle ta med den vanlege drakta. Denne skal innleverast, så sjekk dersom du har fleire drakter liggande. Overtrekksdraktene er også komne, men det manglar nokre. Dei er ventande i løpet av juni. Reklamemerke skal på, men dette skal også evt. vere klart til søndag. Alle tek med kr 600,- til betaling av overtrekksdrakt. Speledrakta vert betalt av laget.
Ny kamp onsdag [14.06.06]
Vårens siste kamp går onsdag 21. juni mot Herd på Gursken stadion. Forfall må meldast snarast.
Treninga vert fredag i Gursken[14.06.06]
På grunn av 4. div-kampen mellom Larsnes/Gursken og Åram, vert treninga flytta til fredag i Gursken - tidspunkt 17.30. Då må alle møte som kan - Vi har ein kamp å vinne på søndag!
Kampen mot Stranda går søndag som oppsett [14.06.06]
Etter mykje om og men er det no klart: Det blir kamp på søndag - mot Stranda på Stranda (GRUS). Vi skal slå dei, for dei var uvillige til å flytte kampen. Følgjande stiller: Solrun, Karen Ann, Elise, Sara, Silje, Birgitte, Sunniva, Lisbeth, Siv Helen, Marthe, Christianne, Frida, Helene, Kristine. Kanonlag!!

Avreise, reisemåte mm. vert lagt ut med det første.

Vekeplan utlagt [14.06.06]
Nye (og gamle) vekeplanar er utlagde - følg linkane. Legg merke til at dagane varierer litt pga. kampprogram. 

Vekeplan veke 24

UMBRO bag? [08.06.06]
Dersom nokon ynskjer å bestille UMBRO baggar i svart, bør vi ta opp bestilling på trening fredag. Etternølarar må melde frå - har 8 namn.
Årets første siger!!! [08.06.06]
Endeleg kan Sande-damene juble for siger og 3 poeng i serien! Etter 1-0 over Ørsta på Larsnes stadion i går kveld var ein barriere broten. Sigeren var fortent nok, men det var ikkje all verdens kvalitet over alt som vart vist på Larsnes stadion i går. Det vart mykje gi og ta, duellar, feilpasninga og frispark.

Sande-jentene fekk ein dårleg start. Ørsta fekk styre kampen, og pressa Sande bakover. Dårleg press og sein forflytning gav Ørsta fritt spelerom, og slurv og ubesluttsomheit framover gjorde at Ørsta kunne komme på stadig nye angrep. Det vart likevel ikkje farleg framfor Sande-målet, unnateke på dødball. Men Marta Elise Baade hadde ein god dag i målet og tok det som kom.

Midtvegs i omgangen løfta Sande-jentene seg, kom høgare på bana og spelte seg til sjansar og nesten-sjansar. Framleis var laget for ubesluttsomme framfor mål, og Ørsta sin midtstoppar var i tillegg svært god. Etter knappe halvtimen får Sande frispark frå ca. 35 m. Sunniva P. Johansen smeller ballen i tverrliggaren, og Sara B. Rekdal set returen i mål.Ut omgangen (som i dette høvet varte berre 40 min...) hadde Sande trykket, og kunne fort auka leiinga. Cornerane var spesielt farlege.

I 2. omgang var målet å halde oppe trykket, men så skjedde ikkje. Ørsta kom inn att i kampen og spelte seg til 2-3 farlege sjansar og dødballar i farlege posisjonar. Men dårlege avslutningar og heilhjarta forsvarsjobb hindra scoring. Utover i omgangen veksla spelet mykje, og Sande var i perioder farlege. Nærast var Marthe Longva åleine med keeper. Ballen trilla mot det opne målet, men ein Ørstaforsvarar rakk å klarere på streken. Det var spenning til siste slutt, men Sande rodde sigeren i land. Det smakte godt!

Neste kamp vert mot erkerival Stranda som vi aldri har teke poeng mot. Kampen går neste søndag, og kanskje er det no på tide å slå dei?

 

 

 


Sara B. Rekdal var kjapt framme og netta på returen etter frispark. Matchvinnaren har hatt ein god vår på banen.

Kamp på Larsnes stadion i dag [07.06.06]
Det vert seriekamp mot Ørsta jr. i dag onsdag 7. juni kl 18.30. Kampen går på Larsnes stadion, og spelarane møter kl. 17.30 presis. Forfall må meldast snarast.
Buss til Norway Cup [07.06.06]
Det vert køyrt buss til Norway Cup i lag med gutelaget og jentelaget. Dei som veit dei ikkje skal følgje bussen, må gje beskjed om dette i dag på kamp, eller til ØJ på tekstmelding.
Trening måndag 2. pinsedag kl. 11.00 [07.06.06]
Det vart ei god økt i fineveret (!) på Larsnes stadion måndag. Jentene var i godlune, det same var veret. Det vart drilla formasjonar og dødball. Jentene er no klare for å møte Ørsta.
Neste kamp går onsdag 7. juni [01.06.06]
Onsdag 7. juni går neste heimekamp, som er mot Ørsta jr. Dersom framgangen held fram, vil det vere duka for sesongens første trepoengar. Men Ørsta har for vane å heve seg mot Sande. Vi spelte 2-2 i treningskamp før sesongstart, og Ørsta spelte uavgjort 1-1 mot Stranda i går. Så det blir spennande. Vi oppmodar folk om å møte opp og heie på Sande!
Trening fredag [01.06.06]
Det vert ikkje trening i dag. Treninga er flytta til fredag 17.30 i Gursken. Dagen i dag skal brukast til restitusjon og kos. Det vil bli lagt ut ny vekeplan med det første.
Poeng!!! [01.06.06]
Endeleg lukkast det å ta årets første seriepoeng for Sande-damene! Kampen mot Sykkylven enda 2-2 etter ein spennande batalje i surveret. Poenget var så fortjent, så fortent, men marginane var små. Det kunne fort blitt tap, men også siger. I slutt minutta hadde Sande iallfall 3 store sjansar til å avgjere, utan at det lukkast.

Sande kom best i gang, og etter 2 minutt blei Marthe Longva nydeleg frispelt av Birgitte Vaagen. Marthe gjorde ingen feil, og sette ballen kontant i mål frå 15 m via stolpen, bak ein sjokkert Sykkylven-keeper. Sande-jentene held trykket første kvarteret, og kunne ha auka leiinga. Men gradvis tok Sykkylven over, og pressa på for utlikning fram mot pause. Etter 40 min. stod det 1-1, etter dårleg kommunikasjon og sjølvmål i Sande-forsvaret. Bortsett frå dei to måla, likna kampen mest ein stillingskrig i første omgang.

Laget løfta seg og gjekk i angrep umiddelbart. Det vart sett trykk på Sykkylven, som fekk  nok med å forsvare seg. Monica Lynge kjempa seg til ein corner, og cornerinnlegget stupte Marthe Longva i mål etter innøvde bevegelsar i feltet. 2-2 og poeng i sikte! 

Siste kvarteret hadde begge lag sjansar til å score. Nærast var Marthe åleine med keeper, Siv Helen Tødenes sitt kanonskot i tverrliggaren og Ida Sandanger sitt "hestespark" som nesten tok livet av ein Sykkylven-forsvarar som våga å blokkere. Sykkylven skaut i nettveggen for ope mål...

Sande-jentene er no på 3.divisjonsnivå, og viste både vilje og evne til å vinne kampar på dette nivået. Heilhjarta og positiv innsats frå heile laget. Vi ser fram til neste kamp, og håpar at ein del publikum vil møte opp og støtte laget.

Etter pause fekk Sande-jentene problem: Stor feilprosent i pasningane, og eit agressivt og godt Sykkylven-lag som pressa jentene bakover. Men Sande forsvarte seg godt, og heldt uavgjort første kvarteret. Sykkylven gjekk opp til 2-1 etter ein corner som ikkje blei avklara.

Det vart no gjort grep for å få meir trykk og fart framover, og for å stabilisere forsvaret. Formsterke Sara B. Rekdal og Christianne Lillebø tok tak på midtbanen, rutinerte Solrun Slettestøl gjekk inn i midtforsvaret.

 
Tomålsscorar Marthe Longva terroriserte Sykkylven-forsvaret.
Ho er ein av formspelarane på laget for tida.

  

Karen Ann Rødseth (t.v.) og Rita Nygård spelte strålande i forsvar også denne kampen.

Kamp mot Sykkylven onsdag [30.05.06]
I morgon 31. mai er det bortekamp mot Sykkylven sitt damelag i 3. divisjon. Kampen går på gras i Velledalen kl 18.30.  Sande- jentene skal gjere eit nytt forsøk på å kapre årets første poeng i serien. Sykkylven slo Hødd 1-0 på måndag, og er sannsynlegvis litt slitne etter den kampen. Sande-jentene derimot sprudla på trening i går, og verkar friske og raske. Vi gler oss!
Det vert avreise frå Larsnes med buss kl. 15.15 presis, Gursken kl. 15.20 og Ulsteinvik sentrum (bussholdeplassen) kl. 15.35. Ver presise! Eva serverer mat på bussen ved ankomst Hareid ferjekai. Ferja går kl. 16.00. Dei som går på i Ulsteinvik eller andre "alternative" plassar, må sende melding til ØJ.
Desse møter: Marta Elise (?), Karen Ann, Rita, Sara, Elise, Malin (?), Silje, Birgitte, Sunniva , Solrun, Lisbeth, Ida, Marthe, Monica, Christianne, Siv Helen, Helene, Kristine. Forfall må meldast snarast.

Kontakt oss:


Øystein Johansen, trenar
6084 Larsnes
Mob.: 99 29 15 22
Tlf.:     70 02 83 17
oj@sande-mr.kommune.no


Eva Lynge,
oppmann

6082 Gursken
Mob.: 97 77 27 36
Tlf.: 70 02 53 05
lynge@breibandtilalle.no


 
Eldre artiklar finn du her: Historisk 1 Historisk 2