Reisemåte.
Vi reiser med eigen buss ilag med Sande gutte og Larsnes Jente 14 frå Larsnes via Hareid til Oslo.
Vi reknar med å ta ein lengre stopp på Otta/Kvam. Der vert det høve til å kjøpe seg mat etc.
Vi har leigt stor buss av Fosnavåg Busscruise med sjåfør Roar Sandvik.
Avreise
laurdag 29.07.06
Oppmøte
Larsnes Fergekai kl. 0715. Matsenteret Gursken kl 0730. Ferge kl
0830 fra Hareid.
Eventuelle andre påstigningspunkt skal
avtalast særskilt med Øystein Johansen.
Reiseleiarar.
Øystein Johansen og Dag Vaagen vert ansvarlege leiarar på bussen. Eva Lynge sluttar seg til i Oslo.
Klede/utstyr.
Fotballutstyr: Fotballsko, leggskinn, shorts, strømper og Sande-overtrekk og speledrakta.
Elles: Joggesko, ekstra strømper (fotballstrømper, dei vanlege kan verte ”sure”) shorts, T-skjorter, badekle, toalettsaker, nokre handdukar, solkrem, nok kle i tilfelle regn/kaldt, sovepose, liggeunderlag/luftmadrasse, svipptursekk, magetaske til lommebok/verdisaker, klokke, drikkeflaske, mobiltelefon, skobyte, nok kle elles og masse godt humør!!!!
Legitimasjon.
Alle skal ha gyldig legitimasjon som viser identitet og alder med bilde. (snakk med banken dei som manglar)
Innkvartering.
Mortensrud Skule.
Ekeberg:Bussrute 74 til Ekeberg Idrettshall. Evt. T-banen til Brynseng. Gå opp og ta Norwayc cups bussrute A. Evt. Bussrute 23 til Ekeberg skule:
Abilsø: T-bane til Bogerud holdeplass. Derfra ca 10 min. gange til banene. Evt. Norwaycup rute B, evt. Bussrute 79 fra Bogrud til Abildsø holdeplass.
Fureseth: T-bane til Helsfyr holdeplass. Vidare m bussrute 402 til IKEA Fureset. Spillefeltet ligger like ved holdeplassen.
Mat/bespisning.
Alle måltid etter at vi kjem til Oslo er betalte med A-korta. NB! Kun adgang til Ekeberg Idrettshall, der maten vert servert, med gyldig deltakarkort (A-kortet). Frukost får vi på innkvarteringsskulen.
Mattider: Frukost 06.30-10.00
Lunsj 12.00-15.00 Søndag 11.30-14.00
Middag 17.30-20.30 Søndag 15.30-21.00
Transport.
Eigen buss + A-korta gjev oss dessutan fri reise på offentleg kommunikasjonsmiddel under opphaldet.
NB!
Pass ekstra godt på A-kortet.
Lommepengar.
Reise, overnatting og mat i Oslo er dekt.
Lommepengar vert opp til den enkelte.
Kampar.
Vi høyrer til pulje Q07
31.07. kl. 13:00 Sande – Trondh. Ørn Bane 17 (Ekeberg)
01.08. kl 13:00 Sande – Radar Bane 3 (Ekeberg)
02.08. kl 12:00 Gjelleråsen - Sande Bane A2 (Abildsø)
Det kan bli endringar. Speletida er 2 x 30 min. 5.min pause.
Dei 2 beste laga går til A-sluttspel, lag nr 3 går til B-sluttspel
Opningsshow.
Det skal vere opningsshow på Ballsletta Søndag 30.07.06 kl. 20.00-21.30 med tilhørande opptog.
VIKTIGE REGLAR.
· Ein avtale er ein avtale.
· Gje alltid beskjed til ein leiar kvar du går.
· Minst 2 ilag - ALLTID.
· Følgje overnattings-/skulereglane.
· Passe godt på verdisaker
· Ha alltid med sekk/ veske
· Ha alltid med mobiltelefon slik at leiarane kan nå deg.
· Ha alltid med telefonnummer til leiarane.
· OPPFØR DEG!!!
· Ta hensyn. Respekter at andre vil sove eller kvile seg
Alvorlege brot på reglane vil medføre at vedkommande vert sendt heim på eiga rekning. (Foreldra si rekning!!)
Fotball.
Vi er i Oslo først og fremst for å spele fotball. Det er kanskje ikkje så lurt å fare rundt ”å traske” på Ekeberg heile dagen og elles før kamp. Dette merka fleire spelarar tidlegare år, det er eit tøft kampprogram og spelarane vert ”slitne”. Så altså: Det sportslege har prioritet, men det er ikkje noko draw-back å ha det litt kjekt elles også….
Opplevingar.
Vi har ikkje lagt opp til noko dagsprogram for kva vi skal vere med på. Dette får vi ta på sparket når vi kjem ned.
A-korta gjer oss fri adgang til offentlige friluftsbad (Frognerbadet/Tøyenbadet), samt fri adgang til fleire museum.
Det blir videoframvisning på skulane kvar kveld.
Telefonar:
Øystein Johansen 99 29 15 22
Dag Vaagen 97 19
64 95
Eva Lynge 97 77 27 36
Dei andre laga:
Emil Arne Tlf 91 11 96 84
Roger Tlf 95 91 89 81
Jarle
Tlf 91 56 16 30
Bård
Tlf 48 24 63 31
Roar (buss) Tlf 90 11 68 70
Sjå internettsida: www.norway-cup.no