|
|
Dag Vaagen fyller 50 år 19. januar. |
Gratulerer med dei første 50 år! Sande dame junior gratulerer trenar Dag Vaagen hjarteleg med 50-års-dagen torsdag 19. januar. Etter rykta skal jubilanten vere bortreist på dagen, men har ordna med stand-in/stuntmann på treninga. Laget ynskjer å feire jubilanten med siger i søndagens kamp mot Ellingsøy i Vinterserien. Jubilanten har sagt at han vert meir eller mindre til stades. [18.01.06] |
||
|
Treninga i morgon på Larsnes [18.01.06] Treninga på torsdag vert lagt til Larsnes pga. forhold/utstyr. Vi reknar med at frammøtet vert like godt som på dei to siste øktene. |
Kampen på søndag [18.01.06] Kampen mot Ellingsøy går kl. 17.00 i Sunnmørshallen. Det vert køyrt med buss. Avreise frå Larsnes 14.15, Gursken 14.20, ferje frå Hareid 15.00. Vi stiller i blå drakter. Det er viktig at alle forfall vert meldt til Øystein snarast på SMS. |
|||
|
Ny vekeplan utlagt
[15.01.06] Vekeplan for veke 3 er no lagt ut. Verdt å merke seg er det at det på søndag vert kamp i Sunnmørshallen mot Ellingsøy (11-ar). Forfall til kampen må meldast snarast til Øystein J. Vekeplan veke 3 |
Meld frå vedr. messa [18.01.06] Førebels har ingen meldt frå om fråver på Yrkesmessa, men det ryktast at somme er i Syden på treningsleir. Gjer vel å melde frå snarast! Vaktlista. |
|||
|
Dancing
Queens slo Ladies Madonnas 2-1 søndag
[15.01.06]
|
||||
|
Vinterserien
startar neste helg Neste søndag går første kampen i vinterserien. Første kampen vert mot Ellingsøy, og kampen går kl. 17.00 i Sunnmørshallen. Det vert køyrt enten med buss eller privatbilar. Avreise frå Larsnes 14.15, Gursken 14.20, ferje frå Hareid 15.00. Ellingsøy møtte vi i juniorserien i sommar. I haustkampen på Ellingsøya var det meir gjørmebryting enn spel, men vi vann 10-0, og har såleis gode minne derifrå. |
14 spelarar på trening
torsdag |
|||
|
Internkamp
søndag 15. jan. kl. 14.00
Vi minner om internkampen søndag på Larsnes. Her må alle møte, evt. melde frå dersom de absolutt ikkje kan. Alle meldingar til Øystein på mobiltlf. |
||||
|
Vaktliste
for Yrkesmessa |
Nye spelarar på trening i dag? Silje Keiseraas og Merete Sjåstad har signalisert at dei kjem på treninga i dag, og at dei kanskje vert med vidare. Vi får sørge for å gje dei ein skikkeleg velkomst! To Sula-jenter har elles signalisert at dei ynskjer å vere med. Dei går på skule i Ulsteinvik (idrett), og er inviterte til å komme på trening. |
|||
|
Aktivitetsplan -
vekeplan Vekeplanen for veke 2 er no utlagt og til-gjengeleg, slik at alle spelarane kan orientere seg om treningane komande veka. Dette vert gjort framover, og sidene vert heretter kanal for all informasjon til spelarane. Legg merke til at internkampen er flytta til søndag (ikkje laurdag). |
Innbetaling
av treningsavgift |
|||
|
Gode treningsforhold
på Larsnes Treningsforholda på Larsnes er bra. Grusbana er salta og sladda. Treningane har gått greitt, men med litt for dårleg frammøte. Div. uheldige omstende får ta noko av skulda. Vi reknar med full oppslutning frå veke 2. |
Intervalltrening er tingen Skal ein heve kondisjonen, må ein trene hardt og effektivt. Intervalltrening er tingen - med høg intensitet og korte pausar. Dette har både herre- og damelaget forstått, og starta nyåret med sugande økter. |
|||
| Sande dame jr. Laget er eit samarbeidslag mellom klubbane Larsnes IL, Gursken IL og Gjerdsvika IL. Laget disponerer grasbaner på Larsnes, i Gursken og i Gjerdsvika, og grus-baner på Larsnes og i Gursken. Ca. 20 aktive spelarar frå 91-årg. til seniornivå utgjer spelargruppa. Laget vart nr. 3 i juniorserien i 2005. Trenarar for laget er Øystein Johansen og Dag Vaagen. Oppmann er Eva Lynge. Larsnes IL står i 2006 som ansvarleg for å administrere samarbeidslaget. Laget er påmeld i Vinterserien og vil også delta i 11-ar-serien for junior eller senior til sommaren. Andre aktuelle område for deltaking er Norway Cup og andre turneringar, utandørs og innandørs. Laget har som målsetting å trene for å bli best mogeleg og vinne neste kamp. |
|
|||