Nytt tap - men flott kamp mot Hødd! [30.05.06]
Det vart eit knapt 0-1-tap mot Hødd i seriekampen på Gursken stadion onsdag. Høddlaget har hatt strålande resultat så langt i sesongen, og det var venta at dei ville bli vanskelege å matche.  Men Sande-damene gjekk til verket utan respekt, solide defensivt, og kvassare i angrep enn på lenge. Det hadde ikkje vore ufortent om laget hadde teke poeng, eller vunne. Men Hødd har gode enkeltspelarar med høge ferdigheiter. Likevel var det sjeldan farleg framfor Sande-målet. Sande skapte like mykje, men kom ikkje til dei heilt klare målsjansane.

Diverre vart kampen øydelagt av ein dommar som ikkje takla jobben i det heile. Det var total mangel på kampstyring, og fløyta høyrde vi berre ved avspark og kampslutt. Frustrerande for begge lag, og her må kretsen gjere grep. Dette er ein hån mot seriøse fotballjenter i 3. divisjon!

Hødd sitt mål kom etter ein soleklar offside-situasjon (minst 5 meter...). Det høyrer også med til bildet at Marthe Longva vart felt inne i Hødds 16-meter, utan at det let til å gå nemneverdig inn på dommaren. Både Hødd og Sande vart elles snytte for ei rekkje klare frispark og offsides.

Etter nok eit tap skulle ein tru at jentene deppa, men spelemessig og prestasjonsmessig var dette bra, og vi nærmar oss eit stabilt godt 3. divisjonsnivå. Det høyrer med til historia at mange skadar gjorde at Sande hadde problem med å fullføre kampen med 11 (friske) spelarar. Dette trass i ein brei og solid stall. Det ser imidlertid bra ut no med tanke på morgondagens kamp mot Sykkylven.

Sara B. Rekdal ser ut til å vere i kanonform for tida, og spelte ein særs god kamp mot Hødd. Men heile laget er i ferd med å løfte seg, så vi gler oss til neste kamp.

Kamp mot Hødd onsdag [23.05.06]
Det vert ny seriekamp på Gursken stadion i morgon onsdag kl. 18.30. Motstandar er Hødd sitt damelag, som vi har slege i treningskamp, men som har gjort det skarpt i serien. Det vert full mobilisering for å gjere ein flott kamp.

Frammøte på stadion kl. 17.30. Forfall må meldast snarast!

Brattvåg - Sande 3 - 1 [23.05.06]
Det vart eit nytt 3-1-tap for Sande-damene mot Brattvåg søndag. På kunstgraset i Brattvåg måtte vi nok ein gong konstatere at jentene blei for lette i 2. omgang, etter å ha utlikna til 1-1 rett før pause. 

Sande kom dårleg i gang, og blei pressa tilbake på bana frå start. Men Brattvåg-presset gav seg, og kampen jamna seg ut etter kvart. Iidet Sande var i ferd med å etablere seg oppe, scora Brattvåg etter eit langt oppspel som ikkje blei klarert. Siste kvarteret før pause pressa Sande-jentene høgt, og skapte fleire

nesten-sjansar. Det var duka for straffe til Sande då Marthe Longva blei stoppa ulovleg etter gjennombrot. Sunniva P. Johansen sette straffa sikkert i mål. Det sto såleis 1-1 til pause.

2. omgang starta med nytt Brattvåg-press. 2-1 kom på eit langskot frå skrå vinkel. Men Sande-jentene gav ikkje opp, og greidde på ny å etablere press høgare på banen. I ei god Sande-periode kontra Brattvåg inn 3-1. Etter det hadde Sande fleire tilbod utan å lukkast, kampens største sjanse kom då Siv Helen Tødenes var forbi keeper og mirakuløst nok bomma på ope mål.

Marginane er slett ikkje på Sande si side, men ein må nok inn-
rømme at det endå må jobbast knallhardt for å komme opp på nivået i alle kampens 90 minutt.

Det var gledeleg å sjå at det losna for Monica Lynge i denne kampen. Ho har vore ein del skada, men viste at ho er tilbake. Godt kjempa av samtlege jenter, men enno litt å gå på. Frida Vestnes og Helene R. Brekke debuterte på dette  nivået, og greidde seg fint.


Klare til kamp:
Bak. f.v.: Dag Vaagen (tr.), Øystein Johansen (tr.), Solrun Slettestøl, Monica Lynge, Elise Myklebust, Malin Knotten, Lisbeth Nykrem, Christianne Lillebø, Birgitte Vaagen, Helene R. Brekke, Frida Vestnes. Framme f.v.: Eva Lynge (oppm.), Sara B. Rekdal, Siv Helen Tødenes, Sunniva P. Johansen, Marthe Longva, Marta E. Baade, Karen Ann Rødseth, Rita Nygård, Janita Kvalen.

Trening på Larsnes i dag fredag kl. 18. 00 [19.05.06]
Damelaget trenar i dag fredag kl. 18.00 på Larsnes stadion. På grunn av kampar og treningar er denne treninga lagt slik. Det er viktig at så mange som mogeleg greier å rydde plass til denne økta!
Seriekamp mot Brattvåg søndag 21. mai [19.05.06]
Seriekampen mot Brattvåg søndag går på kunstgras i Brattvåg kl. 14.30. På grunn av ferjestreiken kan tidspunkt for avreise bli endra på kort varsel, så alle må følgje med. Slik det ser ut no, må vi ta ferja frå Hareid kl. 11.30. Det vert då avreise med buss frå Larsnes 10.45, og frå Gursken 10.50. NB! Forfall må meldast i dag!
Nytt tap [18.05.06]
Juniorlaget gjekk på eit nytt tap i heimekampen mot HaNo laurdag. Etter å ha leia 1-0 og hatt bra kontroll i første omgang, rakna det litt utover i kampen. Men spelemessig var det god framgang, og periodevis var Sande fullt på høgde med laget som er rekna som favoritt i divisjonen. 

Sande kom godt i gang, og var agressive og offensive. Anført av ei hissig Siv Helen Tødenes og ei villig midtbane gjekk laget i angrep. Det var ikkje ufortent at laget tok leiinga ved Lisbeth Nykrem som skaut lavt frå 20 m.  Utover i omgangen var det jamnt, men HaNo kom sterkare etter kvart, og var farlege på dødball. Ein gong small ballen i tverrliggaren. Det måtte likevel ei ulykksalig straffe til før dei utlikna, etter ein unødvendig hands i Sande sitt felt rett før pause.

På grunn av spelarar som måtte reise, og skader, måtte laget omrokkerast til 2. omgang. Sande kom dårleg i gang, og miste trykket på midten. Periodevis massivt press frå HaNo utover i omgangen førte til slutt til at kampen enda 1-3.

Spelemessig bra prestasjonar av Sandejentene, men enno for ujamnt til at ein kan hevde seg på dette nivået. Ein får tru at det losnar til neste kamp mot Brattvåg. 


Lisbeth Nykrem sette inn Sande sitt mål tidleg i første omgang.

Første heimekamp laurdag [11.05.06]
Årets første heimekamp i serien går mot HaNo på Larsnes stadion laurdag kl. 14.30. Det er oppmøte kl. 13.30. Forfall må meldast til ØJ seinast i dag torsdag!
Trening i dag torsdag [11.05.06]
Treninga i dag vert på gursken stadion (grasbana). Det er viktig at alle møter. Det vert prøving av speledrakter, og formasjonstrening/dødballtrening før laurdagens seriekamp. 
Kampar i mai og juni [11.05.06]
Etter terminlista er det oppsett følgjande seriekampar for laget før ferien. Vi ber om at spelarane merkjer seg datoane og syter for å vere kampklar desse dagane. Publikum bør også notere seg dagane og stille opp for å støtte oss.
Laur. 13.05. kl. 14.30 på Larsnes HaNo
Søn. 21.05. kl. 14.30 i Brattvåg Brattvåg
Ons. 24.05. kl. 18.30 i Gursken Hødd
Ons. 31.05. kl. 18.30 i Sykkylven Sykkylven
Ons. 07.06. kl. 18.30 i Gjerdsvika Ørsta
Søn. 18.06. kl. 15.00 på Stranda Stranda
Ons. 21.06. kl. 18.30 i Gursken Herd
Vekeplan for veke 19 [11.05.06]
Planen for veke 19 ligg her. Legg merke til kampen laurdag og treninga søndag kveld.
Vekeplan veke 19.

Tap mot Herd i serieopninga [05.05.06]
Det vart tap i serieopninga mot Herd på kunstgraset på Moa. I ein heller svak kamp av Sande-damene vart det 1-4 mot eit heiltent og solid Herd-lag med mange nye andlet. Ein skuffa Sande-gjeng måtte konstatere at serieopninga vart eit antilklimaks etter lovande spel i vinter og vår.

Herd tok tak i kampen frå start, og spesielt første kvarteret vart Sande regelrett rundspelte, og jentene var tilskodarar til det meste av det som gjekk føre seg ute på bana. Men Herd klarte ikkje å skape store sjansar mot eit kompakt Sande-forsvar. Imot spelets gang var det Sande og Ida Sandanger som hadde første omgangs største sjanse etter 10 min, då ho på ei kontring var åleine med keeper, men utan å score. 

Litt surt var det - om ikkje ufortent - at Herd gjekk opp til 1-0 like før pause, etter at ein Sande-forsvarar noko unødvendig sette ballen i eige nett. Dette var etter at Sande hadde komme meir med i kampen utover i omgangen.

Etter pause ville Sande meir, og pressa Herd bakover frå start. Etter ei god opning får Sande indirekte frispark på 18m, og Sunniva set ballen knallhardt i mål via keeper. 1-1 og ny spenning.

Men kor lenge var Adam i Paris...? Eitt minutt seinare kontrar Herd inn til 2-1- leiing i beste Sande-perioden. Like etter aukar dei til 3-1 på eit klart offside-mål. No gjekk lufta ut av ballongen, og Herd dominerte resten av oppgjeret. Etter at Herd auka til 4-1-leiing var det berre å resignere, sjølv om eit par mega-sjansar mot slutten kunne ha pynta på resultatet. 

For mange av Sande-spelarane melde seg  ut og ytte under pari i denne kampen. Laget må heve seg kollektivt 


Sunniva P. Johansen teikna seg for nok ei scoring på frispark i kampen mot Herd.

for å kunne matche dei beste laga i avdelinga. Av enkeltspelarar som stod fram nemner vi målscorar Sunniva Johansen, Elise Myklebust, Solrun Slettestøl, Siv Helen Tødenes og Marta  Baade.

Serieopning mot Herd [03.05.06]
Serieopninga vert borte mot Herd torsdag 4. mai kl. 18.30 på Herd kunstgras. Det vert avreise med buss frå Larsnes kl. 16.15, Gursken 16.20, ferje Hareid 17.00. Forfall må meldast snarast.
Dei som ikkje går på bussen på Larsnes eller i Gursken må melde frå.
Trening søndag [05.05.06]
Det vert trening søndag 7. mai kl. 20.00 på Larsnes gras. Alle må møte. Det er viktig no å få Herd-kampen ut av systemet, og fokusere på det vi skal gjere framover. Først og fremst treng vi gode treningar, der alle er til stades, så vi får øve på samhandling og dødball.
Vekeplan veke 18
Overtrekksdrakter - val av farge[03.05.06]
Overtrekksdressane som skal kjøpast inn tillaget vert enten svarte eller marine - sjå bilde. Dei som vil vere med og bestemme dette, sender sms til Øystein med sitt førsteval. Speledrakta skal vere kvit/blå - sjå bilde. Då bør kanskje dressen vere svart? Prisen pr. drakt til spelar vert kr 600,-, og speledrakta skal klubben kjøpe inn. Drakta kostar ordinært 899,- utan trykk.
       
Trening laurdag på Larsnes grus[29.04.06]
Treninga i dag laurdag vert på larsnesgrusen kl. 16.00. Det er meininga å trene dødball, slik at alle som har ambisjonar om å spele torsdag bør møte. Men det vert ein ny sjanse på måndag..
GRAS-trening måndag 1. mai på Larsnes[29.04.06]
Måndag føremiddag kl. 11.00 skal vi trene på gras på Larsnes. I oppkøyringa til seriestart vert dette siste treninga før serieopninga mot Herd på torsdag. Tysdagstreninga går ut denne veka.
Tid for nye drakter  [26.04.06]
Sande dame jr. skal vurdere å kjøpe nye drakter no ved sesongstart. Det gjeld så vel speledrakt som overtrekksdrakt. Linken nedanfor fører til UMBRO sin katalog 2006. Der kan alle orientere seg om kva som finst, fargar og typer, og gjere seg opp ei meining. På trening på Larsnes  torsdag vert det høve til å prøve størrelsar på overtrekksdrakter. Vi får draktene til rabatterte prisar, evt. subsidiert av laget. Så alle må møte torsdag for prøving, diskusjon og trening.
UMBRO
Trening torsdag på Larsnes [26.04.06]
Treninga vert på Larsnes på grus på torsdag. Alle møter for å sjå på/diskutere nye drakter, og trene. Møte presis eller litt før, 4.div-kampen gårpå stadion etterpå.
2-2 mot Ørsta laurdag  [26.04.06]
Det vart uavgjort 2-2 i treningskampen mot Ørsta laurdag. Sande-damene burde nok ha vunne, etter eit visst spelemessig overtak, og flest klare sjansar. Laget viste friske offensive takter, og slik sett var det stor framgang frå kampen mot Hødd.
Ein kraftig vind gjorde speleforholda utrivelege. I motvinden i første omgang vart Sande pressa bakover på banen, men var giftige på kontringar. Det var ikkje ufortent at laget gjekk til pause med 1-0 leiing. Sunniva Johansen sette eit frispark frå 20 m rundt muren og i mål. 
I 2. omgang skulle ein tru at Sande fekk lett spel, men sjølv om det var klart overtak spelemessig, var det Ørsta som utlikna etter slurv og dårleg markering i feltet. Sande svarte kontant, og Marthe Longva netta sikkert etter agressivt spel etter ein corner. Like før slutt kunne Ørsta-jentene juble etter å ha utlikna på eit langskot. Og sjølv om det var fleire store sjansar til Sande mot slutten, ebba kampen ut uavgjort.
Offensivt var det klar framgang å spore for jentene. Når målhungeren no vert stor nok, og presisjonen litt betre, vert det moro! Vi ser fram til at våre hurtige angriparar får utteljing for viljen og jobbinga.
Sunniva P. Johansen og Marthe Longva teikna seg for kvar si scoring mot Ørsta på laurdag..
Av enkeltspelarar som stod fram må nemnast midtbanetrioen Birgitte Vaagen, Sunniva Johansen og Lisbeth Nykrem. Elles var det jamnt gode prestasjonar over heile fjøla. Det er ikkje tilfeldig at laget frå Sande er fullt på høgde med motstandarar frå større og meir rennommerte fotballbygder. Vi skal bli endå betre!
Vekeplan for veke 17 klar [26.04.06]
Vekeplanen for denne veka ligg no klar. Du finn han ved å klikke på lenken nedanfor. Det er uvisst om det vert treningskamp til helga. 
Vekeplan veke 17
Aktivitetsplanen for mai og juni [26.04.06]
Aktivitetsplanen for mai og juni er utlagt. Han er ikkje fullstendig, men vert ajourført med det første. Kampane i mai er plassert. Med det første vil treningane verte lagde inn på, og også kampar mm. utover i juni.
Aktivitetsplan mai/juni.
Kamp mot Ørsta laurdag 22.04. [21.04.06]
Det vert treningskamp mot Ørsta på den nye kunstgrasbana i Ørsta laurdag 22. april kl. 16.00. Her følgjer litt korrekt informasjon om kampen, etter diverse forvirrande meldingar fredag kveld.

Kampen går kl. 16.00. Det  vert avreise med bil frå Larsnes 14.15, Gursken 14.20, og ferje frå Eiksund 14.55. Det vert køyrt med privatbil, og følgjande bilar er sette opp: Dag tek med Birgitte, Monica, Malin. Øystein tek med Sunniva, Janita, Christianne, Sara. Marthe tek med Kjersti, Ida, Lisbeth. Solrun tek men Siv Helen. Rita kjem på i Eiksund. Dei som er med på kvar bil gjer avtalar med sin sjåfør!

Vi er altså 13 spelarar (Monica vil sjå på). Det vert mykje speletid på alle.

 

Treninga lagt til Larsnes i dag [20.04.06]
River Plate er ikkje i forfatning til å spele kvalitetsfotball på enno. Derfor vert treninga i dag også på Larsnes grus. I dag vert det også med nokre gutespelarar, fordi mange er på tur, og resten vil trene. Vi skal ta godt imot dei.
Sponsorar for Sande-damene 2006 [20.04.06]
Nor-X Industry og Tussa har gjort avtale med Sande Dame jr. om draktsponsing mm. for sesongen 2006. Det same har Sande kommune og Sparebanken Møre. Vi reknar med å ha fleire sponsorar på plass med det første, og dei vil vise igjen. Sande-damene vil assosierast med vinnarkultur, humør og positive haldningar og gjere sitt beste til at også sponsorane vert linka til slike verdiar.
Ny vekeplan utlagt [19.04.06]
Vekeplan for veke 16 er utlagt. Det vert trening måndag, tysdag og torsdag, og trening eller kamp i helga.
Vekeplan veke 16.
Vekeplan veke 15. (påskeveka)
Ny keeper på trening [19.04.06]
Ingvild Hagen, keeper på jentelaget, var på trening med juniorlaget tysdag. Det er meininga at ho skal hospitere nokre treningar framover. Også andre jentespelarar vil få høve til det.
Trening i påska [07.04.06]
Det vert trening i morgon laurdag kl. 16.00 på Larsnes. Vidare trenar vi tysdag i  påskeveka kl. 17.30 og måndag 2. påskedag kl. 14.00. Begge treningar på Larsnes om ikkje anna blir sagt.
Betaling Norway Cup innan 1. mai[07.04.06]
Det vert sendt ut giro med innbetaling av eigenandel (A-kort etc.), som må betalast innan 1. mai. Kostnaden vert ca kr. 2000,- pr. person.
2-1-siger mot Hødd på Høddvoll! [07.04.06]
Det vart siger 2-1 over damelaget til Hødd på kunstgraset på Høddvoll torsdag kveld. Sande-jentene held dermed fram den fine trenden frå Vinterserien, og har no bokført 4 sigrar av fem mogelege i vinter. 
Det vart spelt 2x45 min., og begge lag prøvde ulike oppstillingar og mange spelarar. Både Hødd og Sande har ein flott stamme med unge spelarar med stort potensiale.
Hødd sine teknisk gode spelarar hadde eit overtak i banespel det meste av kampen, men stanga mot ein kompakt forsvarsmur hos Sande-laget, og klarte ikkje å komme til avslutning. Unntaket var ein kjempesjanse midt i 1. omgang, som keeper Solrun (!) meisterleg redda med ei fotparade. I staden var det Sunniva Johansen som netta sikkert og ga Sande 1-0 leiing etter corner like etterpå.
I 2. omgang  var kampbildet like eins: Hødd med overtak i banespel utan å skape sjansar, og Sande med lynraske 
kontringar når sjansen baud seg. Det var ikkje ufortent at Hødd utlikna på eit langskot midt i omgangen. Men Sande svarte like etter, då Ida Sandanger raida langs venstrekanten, keeper missa på innlegget, og Christianne  Lillebø sette ballen i tomt mål. 2-1 til Sande, og det heldt kampen ut. 
Defensivt var dette ein god kamp: korte avstandar, tøffe taklingar 
Sunniva P. Johansen og Christianne Lillebø teikna seg for kvar si scoring mot erkerival Hødd på torsdag.
og god samanheng i ledda. Innsatsen står til meir enn godkjent i det etter kvart ufyselege veret. Offensivt har laget meir å gå på. Men kombinasjonen av solid defensiv jobbing og lynraske kontringar har vist seg effektiv ofte. I korte glimt viste spissane våre at dei kan parkere kven som helst.
Diverre vart Marthe Longva og Monica Lynge skada, og må kanskje bruke litt tid på å komme tilbake for fullt.
 
Treningskamp mot Hødd torsdag [02.04.06]
Det vert treningskamp på kunstgrasbanen på Høddvoll torsdag kl. 19.30. Alle møter i utstyr på Høddvoll kl. 19.00 seinast.
Vekeplan utlagt [02.04.06]
Det er no endeleg lagt ut vekeplan for komande veke. Verd å merke seg er at det er lagt opp til internkamp/kamp eller trening på palmelaurdag, at det vert formasjons-/dødballtrening tysdag, og kamp torsdag. Det vert også eit kort spelarmøte på tysdag.
Vekeplan veke 14
Vekeplanane tilgjengelege [02.04.06]
Vekeplanane vi har gjennomført i mars, er no gjort tilgjengelege.
Veke 9, veke 10, veke 11, veke 12, veke 13.
Alle med til Norway Cup [30.03.06]
Alle spelarane er no klare for Norway-Cup til sommaren. Det kan bli skikkeleg bra. Vi tek sikte på å vinne. Så sponsorar som vil vere med på moroa, bør kjenne si besøkelsestid.
Trening på Larsnes i dag - Gode forhold! [28.03.06]
Det er gode forhold på Larsnes-grusen i dag. Treninga vert som vanleg, og vi reknar med at alle møter.
Manglande påmelding på Norway-Cup  [28.03.06]
Det er enno ikkje alle som har meldt frå om Norrway-Cup. Vi ber dei som ikkje har svart om å gjere det snarast. Det vert uansett tur i år, men vi vil gjerne ha med alle.

Tilbakemelding pr. e-post.

Bindande påmelding til Norway Cup  [16.03.06]
Laget vårt har ambisjonar om å vere med i Norway Cup. Påmelsingsfristen er 12. april. Vi ber derfor om at alle melder ifrå pr. e-post eller tekstmelding til ØJ om at dei vert med. Denne tilbakemeldinga vil vi ha før 20. mars.
Eigenandelen er sett til ca. kr 2.500. Av dette kostar A-kortet kr 1.795,-. Innbetalingskort vert utsendt, med frist seinast 1. mai. 
Norway Cup vert arrangert 30. juli - 5. august.

Tilbakemelding pr. e-post.

Mykje sjukdom  [15.03.06]
Det har vore uvanleg mykje sjukdom i troppen i det siste. Mange har også vore vekke på skikurs og andre aktivitetar i kollisjon med treningane. Det er no snart tid for å verte fulltallige att, og heve nivået på trening. Sesongen nærmar seg med stormskritt.
Treningskamp mot Hødd [15.03.06]
Det vert treningskamp mot Hødd søndag 26. mars kl. 16.00 på Høddvoll. Då må alle prøve å stille, så vi får teste ut kva vi kan. Det er sannsynleg at det vert lagt opp til fleire treningskampar fam mot seriestart, både mot Hødd og andre lag. Dette vil bli presentert etter kvart.
Kampprogrammet for sesongen klart [15.03.06]
Seriekampane for sommarsesongen er klar. Det er bestemt at damer senior og junior spelar i same avdeling, og at beste damelag på tabellen er kretsmeister/rykkjer opp. Beste junior damelag på tabellen er kretsmeister junior. Første seriekamp vert borte mot Herd junior 4. mai.
Terminlista.
Foreldremøte om Norway Cup i dag [15.03.06]
Vi minner om foreldremøtet på Gursken skule i dag onsdag kl. 19.00 (kjøkenet). Sak er Norway Cup 2006. Ber om at foreldre og aktive møter.
Påmeldingsfristen for Norway Cup er 12. april. Meir om Norway Cup finn du på linken til venstre.
Ny plan, kampdatoar mm. [13.03.06]
Det har vore stilt på desse sidene ei stund. No er det tekniske på plass, og sidene vil bli oppdaterte slik dei skal. Ny plan, kampar, møte mm. vert lagt ut i kveld.

Trening i dag 13. mars på Larsnes [13.03.06]
Trening i dag vert det på Larsnes til vanleg tid. Det er viktig at så mange som mogeleg møter, så vi får oppatt kvaliteten.

 

2. plass i Vinterserien  [02.03.06]
Etter 0-2-tap for Stranda i siste kamp vart det 2.plass i Vinterserien for Sande-jentene. Totalt sett ei flott turnering, men vi likar ikkje å tape på målstreken! Kampen var prega av høge skuldrar og mange feilpasningar. Sjansane var det stort sett Sande som produserte, særleg mot slutten  av kampen. Sande rota det til for seg sjølv ved begge Stranda sine mål.
Treninga i dag er på Larsnes [02.03.06]
Treninga i dag torsdag er lagt til Larsnes på grunn av snøforholda. 
Spelarar til Stranda-kampen [24.02.06]
Følgjande spelarar skal vere med i kampen mot Stranda i Sunnmørshallen søndag:
Birgitte, Christianne, Elise, Ida, Janita, Lisbeth, Malin, Marta, Marthe, Monica, Rita, Sara, Silje, Siv Helen, Solrun, Sunniva.
Eventuelle forfall må meldast snarast.
Reiserute til Stranda-kampen [24.02.06]
Det vert reist med buss til kampen søndag. Avreise frå Larsnes 11.45, Gursken 11.50, ferje frå Hareid 12.30. Kampstart kl. 14.30 i Sunbnmørshallen. 
Med siger eller uavgjort er Sande vinnar av Vinterserien. Vi oppfordrar folk til å ta turen og støtte jentene i kampen.
Kreativt forslag frå kretsen [22.02.06]
Følgjande e-post har vi fått ifrå Sunnmøre Fotballkrets vedrøærande serien til sommaren:
Som vi har orientert om tidligere har vi fire påmeldte lag i 3. div. kvinner:  Brattvåg – HaNo – Hødd – FK Sykkylven.  Vi har forsøkt å få til et samarbeid mot Nordmøre og Romsdal FK men har dessverre fått negativ tilbakemelding derfra om dette.
I klasse junior kvinner 11-er har vi fem lag påmeldt: Brattvåg – Herd – Sande – Stranda – Ørsta.
For å oppnå et fullverdig seriespill i begge disse klassene vil vi foreslå at begge klassene slåes sammen til en felles avdeling bestående av ni lag.  Disse spiller da dobbel serie noe som vil gi 18 serieomganger og 16 kamper.  Laget i kvinneklassen som kommer øverst på tabellen er kretsmester og spiller kvalifisering mot vinner NRFK om opprykk til 2. div. kvinner.  Laget i juniorklassen som kommer øverst på tabellen er kretsmester i SFK.
I klasse junior kvinner 7-er er der 8 lag påmeldt, disse spiller da ordinær dobbel serie.
Vi ber om en snarlig tilbakemelding på overnevnte forslag, senest innen 27. februar.
Ny kamp til helga [22.02.06]
Siste Vinterserie-kampen går søndag. Det vert avgjerande kamp mot Stranda i Sunnmørshallen kl. 14.30. Vi håpar å kunne stille fullt lag, og ber om at evt. forfall vert melde til ØJ innan treninga i morgon. Torsdagstreninga vert elles i Gursken, og laget til søndag vert teke ut etter treninga. Ny vekeplan er elles utlagt. 
Vekeplan veke 8.
Nok ein god kamp i Vinterserien [22.02.06]
Sande sine juniorjenter tok ein klar  3-0-siger over Herd i Vinterserien søndag. Jentene var disiplinerte og effektive, og var aldri trua. Marthe Longva (2) og Ida Sandanger laga måla. Sande-jentene leiar no serien med 9 poeng, og skal møte Stranda søndag i avgjerande kamp. Med siger kan Stranda-jentene gå forbi, med uavgjort eller siger til Sande, vert Sande vinnar av serien.
Tekniske problem [22.02.06]
Det har vore nokre dagar utan aktivitet på denne sida. Det skuldast vinterferie og ein defekt PC. No er vi imidlertid tilbake på sporet og vil oppdatere med informasjon fortløpande.
Sande leiar Vinterserien [16.02.06]
Etter at laga har spelt 2 (3) kampar kvar i Vinterserien, leiar  Sande sine damer med full pott (6 poeng) og solid målskilnad. Alle dei andre laga har avgitt poeng - nærast følgjer Herd med 4 og Valder også med 4, men med ein kamp meir spelt. Vi reknar med at Herd og Stranda  vert dei tøffaste motstandarane. Dei har vi ikkje møtt enno. Vi får trøste oss med at dei heller ikkje har møtt sin tøffaste motstandar enno...
At kretsen opererer med Larsnes som namn på laget får vi berre beklage. Ingen må vere i tvil om at det er Sande dame jr. det er snakk om.
Vinterserien
Invitasjonen til Norway Cup er klar [16.02.06]
Arrangøren av Norway Cup har klar invitasjonen til årets cup. Cupen vert arrangert på Ekebergsletta i perioden 30. juli til 5. august. Det er sannsynleg at Sande sitt juniorlag stiller i cupen. Spelarar og foreldre, kjærestar mm. bør merke seg tidsromet, og sette av ei veke i Oslo. Deltek vi, spelar vi nok kampar ut heile veka...
Invitasjon
Sande dame jr. påmelde i juniorserien [16.02.06]
Sande er påmelde i dame jr. , dvs. inntil 19 år. Fristen gjekk ut 15. februar, og det er no spennande å sjå om påmeldinga i 11-ar vert god nok. Kretsen slit med å få til eit skikkeleg dametilbod i senior 11-ar, og det er mogeleg at junior og senior vert samordna. Vi er klare til å ta dei utfordringane som måtte komme! Våre to seniordamer kan spele uansett utfall - vi har lov å forsterke juniorlaget med to seniorar.
Ny vekeplan for veke 7 [16.02.06]
Av naturlege og andre årsaker vart denne vekeplanen lagt ut alt for seint. Men no er han her til orientering. Denne veka vert det trening på Larsnes tysdag, i Gursken torsdag, og Vinterseriekamp mot Herd på søndag i Sunnmørshallen. Reiseopplegg og laguttak vert lagt ut seinare.
Vekeplan veke 7.
VINTERSERIE MOT HERD [16.02.06]
Vi skal møte Herd på søndag i Sunnmørshallen. Forfall må meldast i dag (torsdag) til Øystein J. Lagoppstilling og reiseopplegg vert lagt ut her i morgon. 
Treninga torsdag er viktig å få med seg i høve til kampen.
Herd - Sande
Ny veke - ny vekeplan [05.02.06]
Det nyttar ikkje å kvile på laurbæra. Skal vi vidare, må vi trene - og det endå betre enn før. Ny vekeplan er utlagt, og nytt i forhold til aktivitetsplanen er ei trening på søndag, sidan vi ikkje skal ha kamp til helga. Det blir formasjonstrening og dødballtrening, så det er viktig at alle møter.
Vekeplanen.
Treningsframmøte/haldning til trening viktig [05.02.06]
Ved laguttak vil det verte lagt stor vekt på haldningane til spelarane. Den som trenar mest, blir best, og vil bli prioritert. Dei haldningssterke spelarane skal løftast fram. Slik ynskjer vi å skape ei endå tøffare prestasjonsgruppe.

Men det skal framleis vere rom for alle som vil, sjølv for dei som ikkje kan møte kvar gong.

Strålande helg for Sande-jentene!  [04.02.06]

Det vart bortimot full pott for Sande-jentene denne helga. I ein strålande 7-ar-kamp i Vinterserien vart Valder utklassa 7-1, medan resten av laget tok seg fram til siger i bronsefinalen i "Odden-cup" i Ulsteinvik etter godt spel. Laget markerte dermed både topp og breidde denne helga.

I Sunnmørshallen vart hevnen søt for nederlaget mot Valder i innandørs-KM. Jentene tok kommandoen frå start, og køyrde i lange periodar over Valder, som i forrige runde knuste Ellingsøy. Tøft duellspel, kjappe overgangar, klikk-klakk og spelehumør prega jentene. Og sjølv om utteljinga var dårleg i første omgang, vart sluttresultatet heile 7-1. Sande leiar no Vinterserien med full pott etter to kampar. Vinterserien.

11 spelarar var med på moroa, og måla vart laga av Christianne Lillebø (2), Sunniva Johansen, Sara Rekdal, Birgitte Vaagen, Monica Lynge og Ida Sandanger.

I Ulsteinhallen var det knapt med folk til dagens kampar - første kampen gjekk med berre ein innbytar, etter forfall og ettersom Vinterserien gjekk parallelt. Jentene gjorde likevel ein flott innsats, og vart belønna med pokal og 3. plass. I siste innleiande vart det 0-2-tap for Langfjorden, men poenga frå i går sikra semifinale. I semifinalen vart Hødd for sterke, og vann til slutt 4-1, etter at kampen lenge hadde bikka på 2-1. Det vert meldt om ein god kamp av Sande sine jenter. Siv Helen Tødenes sette inn Sande sitt mål. 
I bronsefinalen møtte vi SUFH, og slo dei 3-2. målscorarar varElise Myklebust, Marthe Longva og Kjersti Storhaug.
Resultat frå "Odden-cup".

God innsats første dag i "Odden-cup" [03.02.06]
Sande-damene gjorde sine saker bra i dei to innleiande kampane fredag kveld. I lokaloppgjeret mot Gjerdsvika vart det ein solid 3-0 siger. Sande-damene tok dermed revansje for tapet i fjorårets turnering. 11 spelarar var i sving, i tillegg til at Ida M. Sandanger var på utlån til gjerdsvikarane.
Marthe Longva, Lisbeth Nykrem og Janita Kvalen scora måla.

I den andre kampen - mot SUFH - vart det 2-2, etter at Sande blei tekne litt på senga i opninga og låg under 0-2. Spelarane reiste seg flott og utlikna til 2-2 etter to mål av Sunniva P. Johansen.

I morgon vert det innleiande kamp mot Langfjorden kl. 14.10, og truleg bronsefinale eller finale seinare på dag. Laget må klare seg utan 11 spelarar som er i Ålesund på Vinterserie, likeeins som vi i dag hadde 10 spelarar på Ten - Sing. Breidda er god, med andre ord. Silje Keiseraas debuterte på laget i dag.


Silje Keiseraas debuterte i dagens kampar i Ulsteinhallen
Turnering i Ulsteinhallen [02.02.06]
I morgon og laurdag er det turnering innandlørs i Ulsteinhallen. Følgjande spelarar møter fredag: Silje, Kjersti, Elise, Janita, Karen Ann, Lisbeth, Marthe, Monica, Siv Helen, Sunniva, Solrun (K).
Følgjande møter laurdag: Solrun (K), Elise, Silje, Kjersti, Marthe, Siv Helen, Benedikte, Janita.
Oppmøte i Ulsteinhallen seinast kl. 19.30 fredag, og kl. 13.00 laurdag. Husk drakt og rett skotøy. Alle ordnar skyss sjølv, eller avtalar innbyrdes.
Vinterserie i Sunnmørshallen [02.02.06]
Laurdag kl. 16.05 er det kamp mot Valder (7-ar)  i Sunnmørs- hallen. Følgjande vert med: Marta, Sunniva, Malin, Birgitte, Ida, Monica, Lisbeth, Christianne, Rita, Sara, Karen Ann.
Det blir buss, og avreisefrå Larsnes 13.15, Gursken 13.30. Ferje frå Hareid kl.14.00. Hugs drakt og sko. 

Følg med her viss det vert endringar. Spørsmål pr. SMS.
Kampar til helga [30.01.06]
Det vert kampar både fredag og laurdag denne veka. Fredag er det Sparebankcup i Ulsteinhallen, der vi skal gjennom to kampar. Laurdag held turneringa fram med to nye kampar pluss evt. sluttspel. Sjekk tider og motstandarar på Flø IL sine sider.

I Sunnmørshallen held vinterserien fram med 7-arkamp mot Valder. Valder tapte vi mot i Brattvåghallen før jul, og dei har også knust Ellingsøy 8-2 i Vinterserien no. Så det blir ein tøff kamp. 
Les meir om vinterserien.

Uttak og reiseopplegg for alle kampane vert lagt ut seinare.
Syngedamer under Yrkesmessa [30.01.06]
Jentene på Sande sitt damelag er allsidige og lettbedde! Under Yrkesmessa stilte Kristine og Helene opp med songframføring for dei mange tilreisande 10.klassingane. Det var kvalitet på prestasjonen, heilt i stil med det jentene presterer på bana. Ingvill Hagen (keeper på jentelaget) var også med.

Ny vekeplan utlagt [30.01.06]
Vekeplanen for veke 5 er no lagt ut. Planen inneheld trening som vanleg, eit kort spelarmøte torsdag, turnering i Ulsteinvik fredag-laurdag og Vinterserie  laurdag mot Valder.
Vekeplanen.
Spelarmøte torsdag [30.01.06]
I tilknytning til treninga vert det eit kort spelarmøte i Gursken torsdag. Saker som skal diskuterast vert presenterte her på sidene seinare.
Flott innsats under Yrkesmessa [27.01.06]
Sandejentene har stått for matsal, rigging og rydding under Yrkesmessa i går og i dag. Dei har gjort ein fabelaktig jobb! Alle verkar fornøgde, og forhåpentlegvis gir det også klingande mynt - eller helst knitrande setlar - i kassa.
Allsidige som dei er har dei også trent innimellom jobbinga, og fleire har opptredd frå scena under messa. Slike jenter det vil gamle Norge ha!

Ein del av gjengen i aksjon med sal, vaflesteiking mm. 
Oppe til høgre  sit dei som heldt ut til slutt under oppryddinga fredag. Totalt gir messa eit pent overskot for laget - verdt bryet.


Slik ser det ut når laget er på veg heim etter
sin første siger i vinterserien. 
2-1 over Ellingsøy i Vinterserien![23.01.06]
Sande-damene fekk ein flott start i Vinterserien søndag. Med 2-1 over Ellingsøy og 3 poeng i lomma kunne jentene juble på bussen heim. Janita Kvalen vart match- vinnar med eit sololøp med ball frå eigen banehalvdel. Med to motspelarar på nakken scora ho mot ein utrusande keeper.
Etter første omgang stod det 0-0, etter at Sande hadde dominert kampen, og spelt seg til fleire 100%-sjansar. Utteljinga var dårleg, men både spel og innsats lovar bra. I andre omgang var kampen spelemessig jamnare. Men Lisbeth Nykrem ordna 1-0 etter corner, og Janita tok saka i eigne hender då ho ordna sigeren. Det var etter at Ellingsøy hadde utlikna på eit gjennom- løp. 
Jamnt god innsats viser at vi har ein brei, god stall med noko på gang, særleg ettersom fleire  av dei etablerte spelarane sto over denne kampen. Og samtidig som Frida Vestnes og Kristine Longva debuterte i 11-ar-fotball, gjekk Solrun Slettestøl inn i sin 23. sesong som seniorspelar! Imponerande.
Laget mot Ellingsøy i morgon [21.01.06]
Følgjande spelarar skal spele mot Ellingsøy:
Marta Baade, Karen Ann Rødseth, Rita Nygård, Elise Myklebust, Malin Knotten, Lisbeth Nykrem, Birgitte Vaagen, Christianne Lillebø, Marthe Longva, Sara B. Rekdal, Monica Lynge, Solrun Slettestøl, Siv Helen Tødenes, Janita Kvalen, Kristine Longva, Helene R. Brekke, Frida Vestnes. Startoppstillinga vert lagt ut under Vekeplanen.
Ny vekeplan utlagt [23.01.06]
Vekeplanen for veke 4 er utlagt no. Det spesielle denne veka, er at det vert mykje jobbing i forhold til Yrkesmessa. Det er veldig viktig at alle stiller opp både onsdag og fredag for tilrigging, rydding og vask. Minst like viktig er det at vaktlista vert følgd, slik at matsalet går som det skal. Dette er mykje arbeid, men sikrar god økonomi til drifta av laget.
Vekeplan veke 4.
Justert vaktliste for Yrkesmessa [23.01.06]
Vaktlista for Yrkesmessa er no justert. Det er overmåte viktig at alle stiller, og at de merkar dokke tidspunkta. Dette er eit stort arrangement, og ingenting må klikke. Dessutan er der pengar å tjene. Vaktlista er endeleg, men dersom nokon får problem, må de seie frå til Øystein J. snarast. 
Vaktlista.