| Sande dame jr. |
|
|
|
Flott innsats under Yrkesmessa [27.01.06]
Sandejentene har stått for matsal, rigging og
rydding under Yrkesmessa i går og i dag. Dei har gjort ein fabelaktig
jobb! Alle verkar fornøgde, og forhåpentlegvis gir det også
klingande mynt - eller helst knitrande setlar - i kassa.
Allsidige som dei er har dei også trent innimellom jobbinga, og
fleire har opptredd frå scena under messa. Slike jenter det vil gamle
Norge ha!
Ein del av gjengen i aksjon med sal, vaflesteiking mm.
Oppe til høgre sit dei som heldt ut til slutt under oppryddinga
fredag. Totalt gir messa eit pent overskot for laget - verdt bryet.
|
|
Yrkesmessa 2006
Sande dame jr. har gjort avtale om
rigging/rydding av lokalitetane før og etter Yrkesmessa 2006 som
går 26. - og 27. januar på Breidablik-Larsnes. I tillegg skal
jentene ha ansvaret for kiosk/restaurant under messa. Menyen
er ikkje klar, men det blir nok mat til alle som vil ha.
Også dette prosjektet er ein del av tiltaka for å gje laget ein
romslegare økonomi enn tidlegare år.
Vaktlista
er no klar, og ligg utlagt under aktivitetsplanen. |
|
Dugnad på Myklebust
Verft
I romjula gjennomførte jentene dugnad på Mykle-bust
Verft. Vareteljing stod på programmet, og nesten alle jentene var
engasjerte. På tre dagar talde ein opp og registrerte over 8000
ulike lagerkategoriar. Verftet sine folk uttrykte stor tilfreds-heit
med innsatsen, og laget fekk tilført ein pen slump midlar til
drifta.
Det vert sannsynlegvis fleire høve til vareteljing eller
andre dugnadsprosjekt ved Myklebust Verft i løpet av året.
Damelaget har utvist høg arbeidsmoral og stor innsats, ein rein
ynskjedraum for ein kvar arbeidsgjevar. Vi anbefaler herved oss
sjølve! |
| Dugnadsgjengen
som fullførte arbeidet i romjula, flankert av Tore Lillestøl
og Jan Frågodt frå verftet. |
|
|
Ledig plass for sponsorar
Ta kontakt med oss
pr.
e-post |